Skrivi av Lesetips, Voksne

Med kjærleik for språk, litteraturen og biblioteket!

Som gjest hos Lillehammer bibliotek har du heilt sikkert blitt ønskt velkomen på klingande døl av vår Kari Søyland Haugødegård, idet du trør innanfor dørene. Dei siste nitten åra har biblioteket vore hennar arbeidsplass. No ventar pensjonisttida, og Lillehammer bibliotek mistar si ‘førstedame’, ein litteraturformidlar av høgste rang, og ein tilsatt som er omsorgsfull, varm og serviceinnstilt som få. Ho vil bli høgt sakna av både tilsatte og besøkjande, og heldigvis er den kjensla gjensidig!

Vi tok ein prat med Kari før hennar siste arbeidsdag. Kva tenkjer ho er det beste med biblioteket? Kva hugsar ho best, og kva kjem ho til å sakna mest? Og som alltid, blir det nok av gode boktips óg!

Ein av dei tre luraste tinga eg har gjort i mitt liv, var å byrje å jobbe her på biblioteket!

Biblioteket er noko av det finaste som finst, meiner Kari. Her er ingen dørstokk, her er ope for alle. Du kan gå her og låne det du vil, eller du kan berre vere her – åleine, eller saman med andre Her opnar seg ei heilt ny verd og rom for samtaler og deling av litteratur og leseopplevingar! Lillehammer har jo ikkje minst den luksusen å ha bibliotek og Litteraturhus under same tak – det sikrar forfattarmøte og samtalar av høg kvalitet! Mitt beste minne blant mange Litteraturhuskveldar er frå nokre år tilbake då Levi Henriksen gjesta huset for å spille, syngje og prate om den nyaste boka si då. Eg er så glad i han, han er så gjennomført den han er, og bøkene hans viser så godt at livet treng ikkje vera større enn kvardagen.

Leseglede og høgtlesning

Enkelt å kunne bli godt kjent med litteratur er óg noko av det eg har likt best med jobben. Eg er nysgjerrig og har oppdaga mykje som eg truleg ikkje ville ha gjort hadde eg ikkje jobba her. Dessutan får du så mange anbefalinger, både frå lånarane og kollegar. Vi er så ulike alle som jobbar her, både i alder, interesser og personligheit, så vi gjer kvarandre betre heile tida. Men det som er aller mest morosamt, er å få tilbakemeldinger frå dei du har anbefalt bøker til, om at du har klart å treffe riktig. Det er ikkje noko som slår den kjensla! Og det synes eg at lillehamringane er veldig flinke på – å gje tilbakemeldinger og ros. Det har nok mykje med dei engasjerte og dyktige tilsatte her å gjera, trur eg, entusiasme og leseglede er smittande, og gir ein lyst til å dele vidare og attende!

Og er det ein ting Kari er kjend for, så er det å spre leseglede! Vi lurte på om ho ikkje hadde eit tips til å finne og halde på denne lesegleda og lysta, som så mange av oss ønsker å finne, men ikkje alltid heilt klarer å lokalisere. Ja! kjem det raskt frå Kari. Høgtlesing! Det meiner eg bestemt er noko som funkar, og det passar for alle i alle aldrar. Eg las til dømes ofte høgt for klassa mi då eg jobba som lærar på ungdomsskulen, og det hende rett som det var at dei spurte om dei ikkje kunne sleppe friminuttet, slik at dei fekk høyre meir. Så om du har born, anbefalar eg varmt Sue Townsend si Hemmelig dagbok for Adrian Mole 13 3/4 år, og Anders Jacobsson si Berts dagbok, dei er midt i blinken fra 10 år og oppover!

Vi er aldri for gamle til å bli lese for, tenkjer eg. Sjå berre på arrangement som Strikk & Lytt, eller lydboka som medie. Det er ei heilt eiga glede og oppleving å bli fortalt historier for.

Bøkene eg aldri gløymer og nye begeistringar

På spørsmål om kva for ei bok ho aldri kjem til å gløyme, var svaret raskt Arto Paasilinna si Milda makter (høyr den helst på lydbok, den er så godt lese!), her møter vi vår herre der oppe, som er så oppgjeven over menneskeslekta at han måtte ha seg eit sabbatsår. Men kven skal da vere vikar? Erkeengelen Gabriel og St. Peter leitar verda rundt, men det viser seg at både paven og erkebiskopen er syndigare enn dei fleste. Men så, får dei auge på ein kranførar som satt høgt der oppe…

Den boka var altså så morosam, ler Kari, før ho så er snar til å nemne at ho óg anbefaler Kollektivt selvmord, og at ho dessutan er veldig begeistra for Håkan Nesser si Skyggen og regnet. Han skriv mykje krim, men denne handlar meir om folka, relasjonane og årsaka som følgde fram til handlinga, det som er rundt og bak. Og om ho får lov til å nemne ei til, og det får ho sjølvsagt! – så vil ho trekke fram Karin Smirnoff, som er den nyaste begeistringa hennar. Eg er heilt fortapt i universet og språket hennar, men eg anbefaler å lese ho på svensk. Det er nett som med Paul Auster – han er helt klart best på originalspråket (les 4 3 2 1)!
For Kari er både ein dialekt -og nynorskforkjempar, og alle som har fått anbefalt ei bok av Kari, veit at det er spesielt ein faktor som er heilt avgjerande for kor god ho syns boka er – språket.

Litteraturen som samtaleopnar

Kari er kanskje aller mest i sitt ess da ho entrar scenen på Bok for dagen, for å framsnakke ei bok ho synst litt ekstra om. I alt har ho halde heile tjueåtte Bok for dagen, og har ingen planar om å gje seg enno – for sjølv om ho no blir pensjonist, har Kari heldigvis takka ja til å gjeste scena vår med både jamne og ujamne mellomrom. Men er det mulig å velje ei favoritt blant alle desse tjueåtte bøkene?

Jau. Fuglane av Tarjei Vesaas var ei av dei første Bok for dagen eg heldt, fortel Kari, og den er framleis ei av mine favorittar. Eg har alltid vore veldig opptatt av denne boka, og har lest ho mange gonger (Dessuten var Vesaas i likheit med Olav H. Hauge, ein katteperson, og det i seg sjølv er jo eit kvalitetsstempel). Og etter at eg var ferdig med å snakke om boka, rekte ei dame blant publikum opp handa og fortalte med tårer i augo at ho ‘har ein Mattis heime’. Det varma veldig, at boka opna det samtalerommet og ho våga å dele det.

Det er dette litteraturen handler om óg, tenkjer eg: å skape rom for å dele og prate om tankar, liv og erfaringar. Det gjer oss mindre aleine i livet.

Det same gjeld for boka Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon. Er det ei bok alle burde lese så er det denne. Ho handler om måten vi møter folk som er annleis enn det vi har sett som norm, slik at dei kan fungere i sosiale relasjonar og ha det bra. Mitt eige eksemplar av boka er heilt utslitt. Eg har anbefalt ho ofte til folk eg veit jobbar med barn og unge, og alle har gitt tilbakemelding på at dette er ei viktig bok. Vi må forstå at folk er forskjellige, og at vi er verdifulle på kvar vår måte.

Det har vore ei gåve å kunne glede seg til å gå på jobb kvar dag.

Men, som pensjonist gler eg meg nok mest til å gjer det eg vil, når eg vil. Å ikkje vere låst til klokke og dato med mindre eg har bestemt det sjølv. Det beste med å få jobbe på Lillehammer bibliotek har vore alle folka eg har fått møte og bli kjend med. Først og fremst fine kollegar sjølvsagt, men óg alle dei nesten 600 som er innom oss kvar dag. Sidan eg står i skranken ved inngangen, får eg si hei til dei fleste, og med åra har det blitt mange faste. Det einaste negative eg kan kome på med denne jobben, er at eg ikkje har hatt tida til å lese alt eg vil, men det gjeld nok alle yrkesaktive, vil eg tru. Og eg allereie byrja å lese av lyst! Den aller første boka eg les som pensjonist fekk eg anbefalt av kollega og med-pensjonist Grethe Borgen – Kvinnen ved 1000 grader : Herbjörg María Björnsson forteller, av Hallgrímur Helgason.

Og heilt til slutt Kari, har du nokre siste boktips til oss, før du blir pensjonist? Og her er Kari aldri vond å be – ja, de skal få ei liste av meg! Og den lista, den deler vi sjølvsagt med alle dykk, med ønskje om mange gode lesaropplevingar frå oss og Kari!

Babels hus av P.C Jersild
Italienske sko av Henning Mankell
Fallvann av Mikael Niemi
How green was my valley av R. Llwellyn (på lydbok!)

Stikkord: , , , , , Sist endra: 24. januar 2024