Skrivi av Lesetips, Uten kategori, Voksne

Nordisk lesefest på seinvinteren

Denne seinvinteren kjem det omsetjingar frå mange sterke, nordiske forfattarnamn, mellom anna Mikael Niemi, Helle Helle og Audur Ólafsdóttir. Svenske Faysa Idle og danske Amina Elmi er spennande debutantar, sistnemnde kjem til byen under Norsk Litteraturfestival. Eg gler meg til Ann-Helén Laestadius´ Straff, etter å ha lese den gode Stjålet i fjor. I det følgjande finn du noko av det som kjem framover.

Mikael Niemi / STEIN I SILKE 
(Forlaget Oktober, omsett av Erik Krogstad, januar)
Niemis nye bok omtalast som ein nybyggjarroman med fantasy-innslag. Yukiko Duke, programsjef i Norsk litteraturfestival, er begeistra: En av de finaste böckerna jag har läst på länge.

Faysa Idle / ET ORD FOR BLOD (Gyldendal, omsett av Ann Høydalsnes, februar)
Idle skriv om eigen oppvekst i eit kriminelt miljø i Tensta, ein bydel i Stockholm. Ho opplevde å miste bror sin og ein nær barndomsven, og at ho sjølv og syskena vart eit mål i den pågåande mykje omtala svenske gjengkrigen.

Audur Ólafsdóttir / EDEN (Pax, omsett av Tone Myklebost, januar)
Eden er den sjuande boka av den prisbeløna forfattaren og professoren i kunsthistorie som vert omsett til norsk. I denne klimaromanen får lingvisten Alba for seg at ho skal plante 5600 tre, som er det antal som tilsvararar CO2 -utsleppet hennar flyreiser til trua språkområder rundt i verda.

Glenn Bech / JEG ANERKJENNER IKKE LENGER DERES AUTORITET (Aschehoug, omsett av Kyrre Andreassen, januar)
Bech debuterte med ein sjølvbiografisk roman om oppveksten etter at faren tok sitt eige liv; Farskibet (vi har ho på dansk). Andreboka er eit rasande oppgjer med det danske klassesamfunnet, og fekk gode omtalar og skapte debatt i Danmark.

Amina Elmi / BARBAR [TAUSHETENS OBJEKT] (Bonnier, omsett av Tina Åmodt. mars)
Danske Amina Elmi si debutbok skildrast som ei diktsamling om brutalitet, sorg, sinne, fortviling, kjærleik og sakn. Ho kjem på Litteraturfestivalen i mai, der ho mellom anna skal på scena saman med Oliver Lovrenski. 

Helle Helle / HAFNI FORTELLER (Forlaget Oktober, omsett av Trude Marstein, februar)
Helle har vorte nominert til Nordisk Råds litteraturpris tre gonger, sist for de i 2019. Hennar forrige roman BOB vart møtt med begeistring hos nokre, skuffelse hos andre. Eg er spent på korleis denne er!

Jonas Hassen Khemiri / SØSTRENE (Gyldendal, oversett av Andreas E. Østby, januar)
Søstrene er eit stort og rikt familiedrama, som blir hylla av både svenske og norske kritikarar. Boka vekslar mellom kapittel der ‘Jonas’ i førsteperson fortel om eigen oppvekst, og kapittel som i tredjeperson fortel om livet til dei tre halvsøstrene hans. Utanforskap, identitet og røter er viktige tema.

Therese Bohman / ANDROMEDA (Cappelen Damm, omsett av Monica Aasprong, januar)
Svenske Bohman skriv om den unge praktikanten Sofie, som blir vald ut av sjefen Gunnar til å arbeide med forlagets viktigaste serie. Ho vert straks mistenkeleggjort av kollegaene.
Her kan du lese kollega Camillas tilråding av Bohmans Den andre kvinnen frå 2017.

Jenny Lund Madsen / TRETTI DAGARS MØRKE (omsett av Maren Barlien) kom ut i desember. Samlaget skriv på sine nettsider: “Madsen er dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørke i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same år.”


Danskane Asta Olivia Nordenhof, Thomas Korsgaard og Solvej Balle følgjer opp med nye bøker i kvar sin serie. Samiske Ann-Helen Laestadius og finsk-svenske Susanna Alakoski kjem begge med bok to i sin trilogi og kvartett, høvesvis.

  • Solvej Balle fekk Nordisk Råds litteraturpris for dei tre første delane av romanserien Om utregning av omfang. No er den fjerde boka av sju (Press, omsett av Trude Marstein) ute.
  • Mange ser fram til Thomas Korsgaard si tredje og siste bok om Tue; En måtte nok ha vært der (Bonnier, omsett av Hilde Rød-Larsen, januar). Vi har óg hele trilogien samla i ei bok på originalspråket.
  • Ann-Helén Laestadius er forfattar og journalist frå Kiruna. Straff (Aschehoug, omsett av Magne Tørring, februar) er oppfølgjar til Stjålet / Suoladeapmi. Romanen skildrar korleis samiske barn vart skilde frå familiane sine og tvungne til å gå på nomadeskular, og deira møte med rasisme og undertrykking.
  • Londonjenta (Samlaget, oversett av Runa Kvalsund, februar) er andre del i romankvartetten “Bomullsfabrikken” frå 1900-talets Finland og Sverige. Susanna Alakoski skildrar kvinners liv, der arbeid, kjærleik, vennskap og verdspolitikk er viktige element.
  • Djevelboka (Forlaget Oktober, omsett av Trude Marstein, mars) er bok to av sju i Asta Olivia Nordenhof sin romanføljetong “Scandinavian Star”. Forlaget skildrar boka som ein erotisk grøssar og ein roman om kjærleik i kapitalismens tid.
Stikkord: , , , , , , , , , , Sist endra: 31. januar 2024