Landslova 750 år! med Jørn Øyrehagen Sunde

Lagabøtes landslov frå 1274 var den fyrste fungerande riksdekkjande lova i Europa. Ho verka i Noreg gjennom 400 år og innførte prinsippet om likskap for lova og sikra vanlege folk ei stemme i styre og stell. Med Landslova fekk ikkje Noreg berre ei felles lov: Ho var òg den fyrste store politiske reforma. Markeringa av Landslova sitt 750-årsjubileum er dermed både ei markering av felles lov i Noreg, byrjinga på ein inkluderande stat og byrjinga på vår politiske tradisjon.

 

I 2023 gav professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka «Kongen, lova og landet». No kjem han til Lillehammer og held føredrag om kong Magnus Lagabøter, om landslova frå 1274 og det Noreg ho skapte.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Lillehammer mållag og Lillehammer bibliotek og litteraturhus.

Foto: Jørn Øyrehagen Sunde, av  Hans Jørgen Brun
Foto: Codex Hardenbergianus, Gammel Kongelig Samling, 1154 fol., 1v.

 

Onsdag 21. august, klokken 18:00
Gratis inngang
Inngang kan reserveres via Hoopla:
https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/event/landslova-750-ar 

 

Velkomen!

Stikkord:

Dato

21.08.2024
Expired!

Tid

18:00 - 19:00
Torget i biblioteket

Sted

Torget i biblioteket
Wiesesgate 2 A
Kategori

Arrangør

Lillehammer mållag

Andre Arrangører

Lillehammer bibliotek og litteraturhus
Nettsted
https://p.lillehammerbibliotek.no