Prosalong : tysk kveld med Astrid Sverresdotter Dypvik

Tyskland – kriser og lyspunkt

Tyskland er det mest folkerike landet i Europa. Landet har den største økonomien i EU. Det er eit av Noregs viktigaste handelspartnarar. No er landet ramma av fleire kriser samtidig. Økonomisk krise, energikrise, sikkerheitskrise og dei høgrepopulistiske partia får stadig meir oppslutnad. Kvar utviklar Tyskland seg og korleis står det til eigentleg til i Tyskland?

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Lillehammer mållag i samarbeid med biblioteket, inviterer til ein tysk kveld måndag 16. oktober kl. 18 på Lillehammer bibliotek.

Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977) er historikar, forfattar og redaktør av Syn og Segn. Ho debuterte som sakprosaforfattar i 2012 med boka Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land. Siste bokutgjeving er Det mørke Tyskland – ei reise blant høgreekstremistar (2021).

For tida skriv Dypvik ei bok om historia til Tyskland. På Lillehammer bibliotek skal ho snakke om kriser og lyspunkt for Tyskland.

 

Velkomen til ein kveld om Tyskland!

 

Vil du reservere plass? Gratisbilletter kan hentes ut her.

Se også Facebook-oppslag og del gjerne ordet!

Med forbehold om endringer.

Stikkord: ,

Dato

16.10.2023
Expired!

Tid

18:00 - 19:00
Torget i biblioteket

Sted

Torget i biblioteket
Wiesesgate 2 A

Arrangør

Lillehammer mållag