
Sitt & lytt: høgtlesing for vaksne
Velkommen til Sitt & lytt på Leseriet!
Legg vekk mobilen, og nyt høgtlesing frå bibliotekarar og andre bokfolk medan du strikkar, heklar, teiknar eller berre lyttar!
Vi byr på kaffi og te.
Program hausten 2025:
Måndag,
8. september
13. oktober
10. november
8. desember
Kl. 18 – 20 på Leseriet
Arrangementet er gratis og opent for alle.
Sitt & lytt er eit samarbeidsprosjekt mellom Lillehammer bibliotek og Lillehammer mållag. Vi fremjar nynorsk litteratur og høgtlesing for vaksne.