Her kjem sola – med Gunnhild Øyehaug
Møt forfatter Gunnhild Øyehaug i samtale med Nansenskolens skrivekunstlærer, Marius Emanuelsen om boka Her kjem sola.
Helga Mork er i overgangsalderen og har innstilt seg på at ho skal leve åleine, ved sida av ein taus, stor stein. Men når det ein dag flyttar inn nye naboar i det tomme nabohuset, og ho får kjensla av å ha møtt sjele-tvillingen sin i den eine av dei to, hjelper ikkje lenger panseret av svartsyn. Ho leiger seg eit kontor, som viser seg å vere ein portal inn i ei anna røynd, der alle berre kviskrar. Korleis skal ho kome seg tilbake?
Arrangementet er en del av Nansenskolens bokdager
Lillehammer bibliotek
Onsdag 30. oktober 18:30
INNGANG: Betal det du kan: 50 kr / 100 kr / 150 kr
Billetter kan kjøpes i døra på arrangementsdagen, men vi anbefaler å kjøpe på forhånd:
https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/event/her-kjem-sola
Gratis inngang for skoleelever, studenter, trygdemottakere og frivillige for Norsk Litteraturfestival og Lillehammer bibliotek.
Gratisbilletter (+ billettavgift) må reserveres på forhånd for å være sikret inngang, eller ta sjansen på ledig plass og møt opp i døra.
Gratisbilletter legges ut en uke i forkant.
Om forfatteren:
Gunnhild Øyehaug er fødd i 1975, oppvaksen i Ørsta, busett i Bergen. Ho er utdanna cand.philol. og er lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho debuterte i 1998 med ei diktsamling, og har sidan skrive fleire novellesamlingar, romanar og essaysamlingar. Ho har også skrive manus til ein langfilm og ein kortfilm, og fått Sultprisen og Doblougprisen for forfattarskapen sin. Øyehaug er omsett til fleire språk. I 2018 vart den amerikanske utgåva av romanen Vente, blinke nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. I 2022 vann ho O. Henry Prize for Short Fiction 2022 for novella «Eple», som opphaveleg stod på trykk i Draumeskrivar og er trykt i tidsskriftet Freeman’s nummer om kjærleik omsatt til engelsk av Kari Dickson. I desember 2022 blei det kjend at den amerikanske omsettinga av romanen Presens Maskin er er på langlista til beste omsette fiksjonsbok i 2022 av amerikanske litteraturkritikarar, i organisasjonen National Book Critics Circle!