
Fosse-feiring med lesesirkel og Nobelforedrag!
Fosse-feiring med lesesirkel og Nobelforedrag!
40 år etter at han debuterte som forfattar, og 100 år etter at Sigrid Undset fullførte bøkene ho fekk Nobelprisen for, er det Jon Fosse sin tur. Fosse får prisen for sin «nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege». Kunngjeringa var overraskande, men samtidig ikkje. Det meinte både Fosse sjølv og dei som møtast på scena denne kvelden for å hylle Fosse og inspirere fleire til å lese.
18.00: Nobel lesesirkel
Kor skal ein starte om ein vil lese Fosse? Og kva set lesesirkelpanelet aller mest pris på i forfattarskapen hans? I denne samtala vil vi bevege oss gjennom sentrale tema og sjangrar i Fosse sin mangslungne forfattarskap og stoppe opp ved verk som panelet set høgt.
I panelet: Yukiko Duke, programsjef for Norsk Litteraturfestival og kommentator for Sveriges Radio då Nobelprisen til Fosse vart kunngjort, Ketil Kolstad, dramatikar og programsjef for Pegasus og Kristin Brandsegg Johansen, konservator på Bjerkebæk og Aulestad. Lesesirkelen blir leia av Marit Borkenhagen, festivalsjef Norsk litteraturfestival.
19.00: Nobelforedraget
Diktinga bør vere like enkel og ubegripeleg som livet, seier Jon Fosse. Han har skrive sidan 12-årsalderen, debuterte som forfattar som 23-åring og har sidan den gong skrive nærast utan stopp. 40 år etter debuten mottek Jon Fosse Nobelprisen i litteratur. Dette er historia om eit skrivande menneske og verka hans. Kven er denne mannen? Og kva vil han?
Cecilie Seiness, forfattar av Jon Fosse. Poet på Guds jord og Jon Fosse sin redaktør i ei årrekke, held årets Nobelforedrag.
Gratis for medlemmer av Sigrid Undset-selskapet, skoleelever, studenter, trygdemottakere og frivillig ved Norsk Litteraturfestival og Lillehammer bibliotek og litteraturhus.
Betal det du vil: 50 / 100 / 150 kr + billettavgift.
https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/…/fosse-feiring…
Cecilie N. Seiness av Dag og Tid, Samlaget.
Jon Fosse av Tom A. Kolstad/Samlaget