Eit år med trekkfuglar – ved Brit Bildøen

Fuglane lever tett på oss, men veit vi eigentleg så mykje om dei? Vi har alltid drøymt om å vere fri som fuglen. Men fuglane er ikkje så frie som vi trur. Dei er sårbare, ikkje minst trekkfuglane som to gonger i året legg ut på lange og strabasiøse reiser over land og hav.

 

Brit Bildøen følgjer trekkfuglane gjennom eit år, og tar lesaren med på ei ferd frå forblåste fuglefjell og langstrakte myrlandskap her heime, til slettene i Andalucia og kystlandskapet utanfor Tanger. Her kan du lese om dei standhaftige dobbeltbekkasin i Jotunheimen som syng kvar natt gjennom heile sommeren, om franskmenn sin morbide lidenskap for songfuglen hortulan, om vipa som snart er borte frå Lista og om gråmåsen som kvart år hekkar på stabburstaket ved sommarhuset hennar på Veiholmen. Over land og hav er ei kjærleikserklæring til fuglane rundt oss og dei fine naturopplevingane som ventar når vi berre får auga opp for dei.

 

Brit Bildøen er prisbelønt forfattar av romanar og dikt, og ein viktig omsetjar og formidlar av verdslitteratur til norske lesarar. I forarbeidet til romanen Tre vegar til havet (2018) måtte ho gjere research på ein fuglestasjon der dei dreiv med ringmerking av fuglar, og dette førte til at ho blei så oppteken av fugleliv at ho via eit år til studiet av trekkfuglar. Dette resulterte i boka Over land og hav – Eit år med trekkfuglar. Hennar nyaste bok er romanen Gult farevarsel (2023).

Denne kvelden kan du høyre Bildøen fortelje om sitt møte med fuglekikkarmiljøet og om trekkende fuglar som har gjort særleg inntrykk.

 

Arrangementet er eit samarbeid mellom BirdLife Sør-Gudbrandsdal lokallag, BirdLife Oppland, Gausdal dialekt- og mållag og Biblioteket i Lillehammer.

Gratis inngang, begrensa antall plassar. Boksal ved Norli Storgata 61. Plass kan reserveres via Hoopla:
https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/event/eit-ar-med-trekkfuglar

 

Stikkord:

Dato

25.01.2024
Expired!

Tid

18:30 - 19:30
Torget i biblioteket

Sted

Torget i biblioteket
Wiesesgate 2 A