Skrivi av Lesetips, Voksne

The hills

Bibliografi
Tittel The Hills : roman
Forfatter Faldbakken, Matias , Norsk 1973-
Språk bokmål
Utgitt Oslo : Oktober , 2017 . – 231 s.

The Hills er ein restaurant eg gjerne skulle hatt her på Lillehammer. Der ville eg sitte i eit hjørne og observere det indre livet i dette minisamfunnet. Staden er som ein fin miks av Theatercaféen, Lorry og Grand. Her finn vi kelneren som dyrkar den velbrukte kelneruniforma si, det solide, men slitte dekketøyet, dei kvite dukane, dei kontinentale fullformatavisene, den diskrete stilen. Veggane er fulle av portrett, teikningar, måleri og klistremerke, alt hent opp etter tilfeldigheitsprinsippet.

Romanen «The Hills» av Matias Faldbakken var for meg ei overraskande perle, underhaldande og komisk, skarp og alvorleg, skrivi med ein unik observasjonsevne

The Hills er frå ei tid da «gris var gris og svin var svin», som Hovmester brukar å si. Kelneren uttalar at «Jeg venter. Jeg behager. Jeg beveger meg rundt i lokalet og tar bestillinger, skjenker og rydder.» Her skal folk kjenne seg velkomne, men ikkje så heime at dei gløymer kor dei er.

Det er lett å tru at kelneren sit fast i ei anna tid. Han blir ikkje fornærma over å bli bedt om å gå til garderoben og sjekk om ein viss gjest er komme, men han misliker sterkt å bli vist bilde av vedkommande på mobilen. Han har gitt seg sjøl den moderne diagnosen «høgsensitiv». Likevel bruker han ofte fristundene til å «scrolle», som han kallar det, på eigen telefon.

Romanen «The Hills» av Matias Faldbakken var for meg ei overraskande perle, underhaldande og komisk, skarp og alvorleg, skrivi med ein unik observasjonsevne. Noen har sagt her er «finstemt terrorbalanse mellom gjestenes tyranni og de ansattes arroganse». Fleire bør koste på seg denne heilt spesielle lesaropplevinga.

Sist endra: 10. desember 2019
shares